Takk for pengegåva


Aure Idrettslag ønskjer å takke Torill og Rune med familie for pengegåva vi fekk i samband med Kåre Torsetnes sin bortgang.

Kåre har alltid vore medlem i Aure IL, og var sjølv aktiv både som fotballspelar, skigåar og løpar. Mange hugsar nok Kåre som ein habil fotballspelar, og han hadde ei veldig god tid på 1500 meter. 

Etter kvart vart han ein engasjert far som stilte opp, mellom anna som lagleiar og skismørar. Dei siste åra har Kåre vore med på dugnadar, og hadde fleire timar med sag og hammar da  driftsbygninga på Aure Stadion vart bygd. 

Vi lyser fred over Kåre sitt minne! 

Hovudstyret i Aure IL