Bli med som frivillig i Toppidrettsveka!


Stein B har sikra seg bunadsjenter til Toppidrettsveka!

Men vi treng mange fleire til å vere med og vise fram Aure Kommune og lage folkefest!

Toppidrettsveka foregår fredag 17.august i Aure, men vi treng mannskap også på kvelden torsdag 16.august.

No er vi i full gang med å kontakte folk for å få frivillige til Toppidrettsveka. Mange har vi ringt opp allereie, og fleire vil bli kontakta etter kvart. Men vi blir veldig glade og takksame om de kjem oss i forkjøpet og melder dykk sjølve. Ring Line eller May, så finn vi ei oppgåve til dykk. Alt er til hjelp, her kan alle bidra!

Kast deg over telefonen og ring Line (480 65 924) eller May (926 59 214).