Dugnadar gjennomført i løypetraseane og på parkeringa på Austli


Mildveret vart bruka til å rydde skog og kratt

Vi har trua på meir snø og fine skiforhold igjen. Derfor bruka vi mildveret til å rydde unna skog og kratt i løypetrasear og på parkeringa på Austli.

Onsdag var 5 stk frå den effektive seniorgruppa i sving med motor- og ryddesag i traseen innover frå Austli til Aurdalssetra. Det er luksus for idrettslaget å ha slike positive karar som stiller opp og arbeider for fellesskapet. Tusen takk til seniorgruppa! Dei tek seg ikkje tid til å ta bilete når dei held på, så vi har ikkje bilete av dei.

Laurdag møtte 6 stk frå skigruppa og løypekøyrargruppa opp og rydda unna kratt på parkeringsplassen slik at det skal bli betre plass til fleire bilar. Stor takk til Per Roksvåg som let oss få disponere parkeringsplassen og innmarka si til skiaktivitet! 

Vedstrangar vart også frakta ned og lunna opp til dei ulike grunneigararane. Takk til grunneigar Erik Olufsen som ga bort vedstrangar frå sin grunn til Aure IL. Dette skal det lagast ved til skihytta av.

Vi fekk også rydda traseen nedover frå Austli til brua over elva. 

Så no kan snøen berre kome igjen!

 

Del på: