Det snør ikkje skispor i Aurdalen heller


Det ligg både store kostnadar og mange dugnadstimar bak flotte skispor.

Det er Aure Idrettslag som sørgar for at både fastbuande og tilreisande i Aure Kommune har fri tilgang til skiløypene i Aurdalen. 

Hausten 2020 kjøpte vi ny løypemaskin til ca 2,5 millionar. Da fekk vi inn økonomiske bidrag frå ulike aktørar, og vi søkte Aure Kommune om bidrag og fekk 200 000 kr frå dei.

Aure Idrettslag har alle kostnadar og alt arbeid knytta til vedlikehald og service, innkjøp av drivstoff til maskina, og sjølve løypekøyringa. I tillegg blir traseane kvart år rydda for skog og kratt, slik at det er framkommeleg med tråkkemaskina. Berre som eit eksempel på kostnadane vi har så vart det frå nyttår til midten av februar bruka 1000 liter drivstoff. Vi får høyre at det er ganske unikt at eit idrettslag står for alt dette.

Løypekøyring
Så langt denne vinteren har løypekøyrarane til saman lagt ned 106 dugnadstimar på løypekøyringa. Dei er 6 stk, fordelt på 3 vaktlag og har turnus kvar si veke. Dei tre vaktlaga er samansett slik:

  • Henning Torset og Einar Vaag
  • Ole Tom Neraas og Jan Terje Gresset
  • Thomas Løfall Nedresæter og Thomas Bremset

Dei fer som regel ut rett etter jobb og når alt skal køyrast tek det 4-5 timar. På helg er dei ute før vi andre har stått opp. Jobben dei gjer på dugnad er uvurderleg for alle som er glade i å gå på ski!

Etter årsmøtet mai 2020 gjekk Torkil Sagli, Kjell Petter Lien og Geir Magne Vaag ut av gruppa etter tru teneste i mange år. Tusen takk for alle timane de har lagt ned!

Alle kan bidra
Alle vi andre kan bidra vi også. Vi kan melde oss inn i Aure IL og/eller støtte løypekøyringa ved å sende nokre kroner til VIPPS NR 120851. Bli medlem her.

I tillegg kan vi gjere alt vi kan for å ikkje øydelegge skispora  når vi ferdast der, da står spora seg lengst mogeleg og er til glede for alle.

Status løypekøyring finn du her: https://www.loyper.net/#aure/15,8.65954,63.28031

Del på: