Dugnad på rydding av løypenett


Godt oppmøte på dugnad trass litt utriveleg ver.

Den 2. november vart det arrangert dugnad på rydding av skiløypene.  I utgangspunktet var det Ormsetlia og Ormsetdalen som skulle ryddast, men det vart så mykje folk at vi delte opp i fire arbeidslag. Ei gruppe starta på Kvandeekra, ei på Austli, ei litt oppi Ormsetlia og ei Ormsetdalen. Alle sto på frå første stund så i løpet av fire- fem timar var traseane rydda. Takk for jobben alle som møtte opp. No venter vi bare på snøen.


Del på: