Fotball: Aure Jenter 8/9


Dei flinke jentene våre frå 3. og 4.trinn er neste Aurelag ute.

J 8/9 har bestått av ein flott jentegjeng, 13 i talet. Vi har trena ein gong i veka og vore på to cupar. I tillegg har dei eldste fått prøve seg på seriespel og treningar saman med dei som er året eldre.

Halsacup var suksess i strålande sommarvér og Kvålcup vart ei kjempefin avslutning til sommaren med både fotballshow og karamellslepp frå småfly. På Kvålcup vann vi liketil eit gåvekort på Rosenborgkamp, så sesongen vart avslutta med kraftige heiarop på Lerkedal stadion då Rosenborg møtte Brann.

Trenarar har vore Marit Helen Strupstad og Kjersti Marit Vik, fabelaktig organisator og lagleiar har vore Mona Myren. 

Takk for i år, jenter! Vi gler oss te å sjå dåkk på nyåret!

Del på: