Eva er Aure IL sin nye daglege leiar


I dag har Eva sin første offisielle dag som DL i Aure Idrettslag. I desember har ho vore på opplæring og er godt rusta til å ta fatt på jobben.

Eva har sjølv vore aktiv både som idrettsutøvar, dommar og trenar, hovedsakleg i bueskyting. I tillegg har Eva vore både leiar og nestleiar i Tustna IL og styremedlem i Aure Idrettsråd. Dette gjer at ho tek med seg god kjennskap til kva som skal til for å drive og drifte eit idrettslag og ein organisasjon som Aure IL.


Eva kjem til å kombinere DL-stillinga med å framleis ha 50%-stilling som lønn- og personalansvarleg i Midt-Norsk Bygg og Eiendom AS. 


Vi har allerede erfart at Eva er ein utadvendt person som det er lett å kome i kontakt med. Ho er også opptatt av å vere synleg og tilgjengeleg for laget og medlemmane våre. Derfor vil ho vere tilgjengeleg på driftsbygget fast kvar tysdag kl 12-19. Da er det lett å stikke innom ho på kontoret og slå av ein prat og få svar på spørsmål. Eva vil også vere på driftsbygget andre dagar og kveldar, men da litt meir fleksibelt.


Velkommen til oss i Aure IL, Eva!

Del på: